Dei siste dagane har vore fine dagar til å ta russeknutar. Nokre av dei eg har gjort er:
- Sove ei natt uner open himmel på Verdens Ende (enden på Framnes-halvøya)
- Hatt ein seriøs samtale med ein lyktestolpe i 10 minutt:

Var han ikkje kjekk?
- Gått tur med ein støvsugar i Norheimsund og hatt ein djup religiøs debatt med den der kristendommen vinn. Støvsugaren heitte forresten Kåre Knut.
- Gått gjennom bakdørane på ein bil som venta på grønt lys
- Hatt radarkontroll med hårfønar og refleksvest:
- Gitt ein god klem til ei framand dame og takka for sist, og fortald om turen min til Kragerø i 5 minuttar. Dama var attpåtil fransk, så eg måtte snakke engelsk. Fint!
- Eg og Ingeborg lata som om me var menneskefiskarar og fanga ein mann med eit usynleg fiskegarn.
- Dumpa borti ei framand jente, datt over ende og skreik av smerte.
Som du skjønar, har me hatt det kjekt! Då er det tur til Bergen i morgon, og så ber det vidare på friluftsliv til Øygarden, der det blir padling, klatring og bading.
Så til noko eg ikkje er glad for:
Som den sportsidioten eg er, fekk eg skjokk og heilt vondt inni meg då eg skulle lese nyhendane på nrk.no tirsdags føremiddag.
Alexander Dale Oen er død.
Vil med dette seie tusen takk til Alexander for at han viste at det er mogleg å oppnå sine draumar og likevel halde beina godt planta på jorda.
Du vil alltid vere med oss i våre hjarta, og det er heilt ufatteleg at du no er borte. Me vil aldri gløyme det du gjorde for landet vårt!
Kvil i fred!
- Maren